Velkomen til
Bulandet og Værlandet

senk skuldrane og sjå deg
ikkje attende... ta heilt fri!

Opplev vårt opne landskap beståande av store og små øyer bunde saman av bruer og vegar ytst i havgapet. Bulandet og Værlandet er Noregs vestlegaste øysamfunn med fastbuande. Her kan du sykle frå øy til øy og kome tett på naturen og eit rikt dyreliv. Øylandet langt vest i havet ventar på deg...


#destinasjonvest

Trekk pusten - kjenn lukta av havet
Lukk auga - høyr bølgjene slå mot berget
Sjå den endelause horisontlinja - der hav og himmel møtast!