Destinasjon Vest har vorte AS

Destinasjon Vest har teke steget vidare frå forprosjektet og har no vorte eit aksjeselskap med gode aksjonærar frå Bulandet og Værlandet.

Lena Innbjør Riisnes er daglig leiar og driv vidare fram marknadsføringa og formidlar sal av overnattingar og opplevingar i øyane.

Det er ein del interesse for Værlandet Havhotell og Destinasjon Vest har seld gåvekort for 2016 allereie. Følg gjerne med på Facebook eller på Instagram (@destinasjonvest.no)

Brukar du #destinasjonvest når du legg ut bilete frå Bulandet og Værlandet på instagram? Gjer du det hjelp du oss å marknadsføre vidare – tusen takk!

Det er spennande tider i #øylandet 🙂