Destinasjon Vest er retningspila på kompasset mot ditt nye feriemål – Bulandet og Værlandet. Vi jobbar i samarbeid med eksisterande reiseliv og marknadsfører din nye feriestad!

Lena Innbjør Riisnes er daglig leiar i Destinasjon Vest AS. Ho koordinerer dei ulike aktørane og samlar tilboda, og fungerer som kontaktperson for aktivitetar. Innbjør Riisnes gir villig vekk informasjon om det du kan oppleve i øylandskapet vest i havet.

Bulandet og Værlandet lengst vest i Askvoll kommune dannar eit øylandskap du kan kome til med bil eller sykkel på ferje eller med eigen båt. Vêret vårt skiftar ofte og gir deg mange moglegheiter på kort tid. Fisketurar, sykkelturar, fjellturar, vandring i flatt landskap eller til utkikkspunkt, god mat på bryggjekanten og solnedgangar som varmar deg langt inn i sjela. Du har vala – Bulandet og Værlandet gir deg moglegheitene. I ditt eige tempo.

Sjå deg ikkje attende – ta ferie!


Ta gjerne kontakt med Lena Innbjør Riisnes om du har spørsmål, vil booke ei overnatting eller aktivitet, eller ønsker informasjon om prisar.

Dersom du og di bedrift vil vere med i nettverket vårt er du også hjarteleg velkomen til å ta kontakt!

Telefon: 99 32 17 40
E-post: post@destinasjonvest.no

Destinasjon Vest AS
6986 Værlandet