Bulandet & Værlandet – her er vi:

Øysamfunnet Bulandet og Værlandet ligg lengst vest i havet i Askvoll kommune i Vestland Fylke (tidl. Sogn og Fjordande fylke). Desse to bygdene vart knytta saman med veg- og bruforbindelse i desember 2003. Det er ca 10 km bilveg mellom Bulandet og Værlandet.

Tilkomst:

Du kjem ikkje utanom ein båttur om du vil besøke Bulandet og Værlandet. Det går ferjer fra Askvoll og Fure til Værlandet, og på vegen får du sjå spektakulære Alden i horisonten. Mange opplev denne ferjeturen som ei oppleving i seg sjølv! Ferjeturen tek ca 1 time frå Askvoll til Værlandet. Det er gratis å reise med ferja.

Sjå Fjord 1 for rutetider og annan informasjon.

NB! Ferjestoppet Fure – her er det få faste avgongar direkte til Værlandet – det er oftast på stjernestopp/bestilling. Difor vil vi anbefale at ein fortrinnsvis reiser frå Askvoll til Værlandet – om ein ikkje er lokalkjent i området 😉

Gjestehamner:

Nikøy Gjestebrygge har liggeplass for rundt 50 båtar med moglegheit for landstrøm. Der finn du også eit servicebygg med dusj, toalett og vask/tørk av klede. Kortbetjent bensin/diesel-fylling på kaia.

Nikøy Gjestebrygge ligg i tilknyting til Joker Bulandet.

Pernillestø Gjestehamn har plass til ca. 10 fritidsbåtar og har tilgang til dusj/wc, vatn og straum. Det er også utemøblar og mogleg å grille på kaia.

Sjå sida til Pernillestø Gjestehamn for meir informasjon.

Sykkel:

Det er sjølvsagt fullt mogleg å utforske øyriket i bil, men den aller beste opplevinga får du frå sykkelsetet. Om du ikkje ønsker å ta med din eigen sykkel kan du leige ein når du kjem hit.

Sjå aktivitetssida Sykkelutleige for meir informasjon.

Camping og bubilparkering

Les meir om kva tilbod som er i Bulandet og Værlandet på Visit Fjordkysten


Brosjyrar og informasjonsmateriell

Brosjyre - Norsk


Kart

Værlandet og Bulandet på Google Maps