Den beste sommarferien får du i Bulandet og Værlandet

Foto: Liv Turid Gjørøy,  Liv og Lyst

Har du lyst til å besøke eit unikt og autentisk øysamfunn denne sommaren? Då må du reise til Bulandet og Værlandet – eit av Noregs vestlegaste øysamfunn!

I tillegg til fine opplevingar når det gjeld aktivitetar, nærleik til hav og natur, dyre- og fugleliv, vil du oppleve ein imøtekommande og open lokalbefolkning som syns at det er kjekt å ha deg på besøk 🙂

OVERNATTING
I Bulandet og Værlandet er det eit godt utval av overnattingstilbod. Du kan bu på rorbu, i feriehus, på hotell, hytte eller i gjesteheim/storhytte. I tillegg er det fleire tilbod i øyane for gjestar som kjem med båt eller bubil/campingvogn.
Vi anbefalar deg å ta nokre feriedagar hos oss når du først kjem ut her, og å bu fleire netter på ein av dei fine overnattingsstadane i Bulandet eller Værlandet. Då kan du bruke litt tid på å få med deg det meste av alt det flotte vi har i Øylandet vårt – eller du kan berre stresse heilt ned : )

Overnatting finn du HER
Camping og båthamner finn du HER
-og Serveringsstadar finn du HER

Vi håpar at vi ser deg i sommar :):)

Klikk på bildet nedanfor for å sjå den nye kartbrosjyra om Bulandet og Værlandet.

Sak sist oppdatert 13.06.2026