Haustferien i Øylandet?
Vi nærmar oss ein ny sesong i havgapet. Vinden ruskar i havet og det er store sjansar for å oppleve den barske naturen tett på. Sommaren er gått over i haust. Rorbuer i Bulandet eller hotellrom på Værlandet har ledig kapasitet. Det er godt å kome inn i lune omgivnader etter ein rufsete tur ute.
Og kanskje er det heilt vindstille… Men vi garanterer deg frisk, salt luft og deilig brus frå havet uansett!
Velkomen utover til oss !