Sommarferie i Bulandet og Værlandet
Har du lyst til å besøke eit unikt og autentisk øysamfunn denne sommaren? Då må du reise til Bulandet og Værlandet – eit av Noregs vestlegaste øysamfunn!
I tillegg til fine opplevingar når det gjeld aktivitetar, nærleik til hav og natur, dyre- og fugleliv, vil du oppleve ein imøtekommande og open lokalbefolkning som syns at det er kjekt å ha deg på besøk 🙂
OVERNATTING
I Bulandet og Værlandet er det eit godt utval av overnattingstilbod. Du kan bu på rorbu, i feriehus, på hotell, hytte eller i gjesteheim/storhytte. Det er godt tilrettelagt for sjølvhushald hos alle tilbydadarane.
Vi anbefalar deg å ta nokre feriedagar hos oss når du først kjem ut her, og å bu fleire netter på ein av dei fine overnattingsstadane i Bulandet eller Værlandet. Då kan du bruke litt tid på å få med deg det meste av alt det flotte vi har i Øylandet vårt – eller du kan berre stresse heilt ned : )
Overnatting finn du HER
Vi håpar at vi ser deg i sommar 🙂 🙂
Sist oppdatert 27.05.2024