Vi har ope heile året – Velkommen til oss
Bulandet og Værlandet er eit unikt reisemål alle delar av året! Om vinteren byr det opne landskapet vårt på mykje lys – og sjølvsagt mykje vèr som skiftar brått.
Kanskje du kunne tenkt deg ein vintertur til oss, og oppleve den barske naturen tett på havet i eit av noregs vestlegaste og «komplette» øysamfunn? Kanskje du har lyst til å bu her nokre dagar – for å finne roen litt skikkeleg?
Her finn du ei oversikt på overnattingsstadar i fleire kategoriar – alle med moglegheiter for sjølvhushald:
⇒ OVERNATTING BULANDET & VÆRLANDET
Publisert 24.01.2020