Nordsjøporten – vegen som bind Værlandet og Bulandet vakkert saman

Veganlegget mellom Værlandet og Bulandet stod ferdig i desember 2003. Dette er ikkje berre ein viktig veg for samferdsle og kommunikasjon, men òg ei flott reise gjennom øysamfunnet vårt.

Fleire og fleire har oppdaga denne vegen, og sykkeltur mellom Værlandet og Bulandet er svært populært. Du kan enten ta med deg sykkel ut til oss, eller leige sykkel på ein av Jokerbutikkane våre. Det er ca 10 km bilveg mellom Værlandet og Bulandet.

I 2006 kåra Statens vegvesen Nordsjøporten til Noregs vakraste veg. Her er utdrag frå jyrien si begrunning:

«Fylkesveg 365 i Askvoll kommune i Sogn og Fjordane er ein av dei vakraste vegane i Norge. Strekninga Bulandet – Værlandet er 6,7 kilometer lang og seks bruer bind saman dei to grendene Bulandet og Værlandet i dette øyriket langt ute i havet. Dette er den vestlegaste busetnaden i Noreg. 

I eit nake og sårbart landskap har ein med fagleg forankring, estetisk sans og respekt for omgjevnadane bygd ein veg som er eit vakkert møte mellom det menneskeskapte og den storslåtte naturen.», heiter det i juryen si grunngjeving.

– Eit føredøme

– Det som pregar denne vegen er det enkle og reine, både i utforming av bruene og materialbruk og forming av vegens sideterreng. Å køyre denne vegen er ei oppleving. Samspelet mellom vegen si lineføring og naturen vitnar om evne til å forstå både landskaps- og vegplanlegging, seier juryleiar Anne Ogner om prisvinnaren.

– Denne bygdevegen har skapt eit heilt nytt kvardagslandskap for dei som bur i området. Dette prosjektet er eit føredøme på korleis ein bygdeveg kan planleggjast og byggjast, seier juryleiar Ogner.»