Foto: Kurt Rutledal

Destinasjon Vest er retningspila på kompasset mot ditt nye feriemål – Bulandet og Værlandet. 

Bulandet og Værlandet lengst vest i Askvoll kommune dannar eit øylandskap du kan kome til med bil eller sykkel på ferje eller med eigen båt. Vêret vårt skiftar ofte og gir deg mange moglegheiter på kort tid. Fisketurar, sykkelturar, fjellturar, vandring i flatt landskap eller til utkikkspunkt, god mat på bryggjekanten og solnedgangar som varmar deg langt inn i sjela. Du har vala – Bulandet og Værlandet gir deg moglegheitene. I ditt eige tempo.

På nettsida vår finn du det meste av overnattingstilbod, matservering og aktivitetar i Bulandet og Værlandet. For kontakt med overnattingsstadar, matservering, butikkar og aktivitetstilbydarar – finn du tlfnr og mailadresser om du går inn på kvar aktør her på nettsida.

Det er Joker Bulandet og Joker Værlandet som driftar denne nettsida og Destinasjon Vest si FB-side.

Ynskjer du å ta kontakt med Destinasjon Vest? Send oss gjerne ei melding via FACEBOOK-SIDA VÅR

Her finn du blant anna meir detaljert informasjon om korleis du reiser til oss ⇒ Praktisk informasjon – Destinasjon Vest

 

Tekst oppdatert 21.05.22.