Værlandet Gjesteheim

Den gamle skulen på Værlandet er bygd om til gjesteheim, eller storhytte om du vil. Her er 7 gjesterom av varierande størrelse og ei leiligheit med 2 soverom. Gjesteheimen inneheld òg store fellesrom for hyggelige familiefrukostar eller venemiddagar.

Utanfor er det stor plass og gode moglegheiter for ulike aktivitetar som sandvolleyball og fotball. Det er også fine opphaldsstadar til bruk for gjestane.

Værlandet Gjesteheim tilbyr plass til campingvogn/bubilar, der ein kan nytte dusj og toalett inne i Gjesteheimen. 

I delar av sesongen er det òg eit spennande matserveringstilbod ved Gjesteheimen – Darika Takeaway. Her kan du kjøpe veldig god thaimat frå matvogn.

For bestilling av overnatting: tlfnr 900 41 292 / 95103971
Facebook-sida til Værlandet Gjesteheim finn du HER
Darika Takeaway tlfnr: 403 41 445