Hamnaholmen
I den gamle kolonialen på Værlandet finn du Hamnaholmen, ein sjelfull liten kafè, pub og butikk. Bygget som husar Hamnaholmen vart bygd på 30-talet, og vart bygd sentralt i sildefisket. Hamnaholmen har ei lang og rik historie, og har vore både kolonial og supermarknad.
Hamnaholmen er open kvar helg laurdag og søndag, og i sommarferien også fredagar.
For meir informasjon, besøk Facebooksida deira HER